Nytt perspektiv som volontør
Andrea Bergem og Marianne Eng har i alle fall eit forslag: «Bli volontør i Kambodsja!» Dei to studentane har tilbragt fem månader i dette kontrastfylte landet i Søraust-Asia som ein del av sosionomstudiet og kan anbefale det på det varmaste.
«Som volontør får du eit heilt nytt perspektiv på ting», seier Andrea. «Du kjem i ein utviklingsprosess som gjer veldig mykje med deg sjølv, men som også kan utgjere ein forskjell for andre.»
Studentar og volontørar i Kambodsja vert utplasserte hos Misjonsalliansen sine partnerorganisasjonar. Andrea og Marianne jobbar hos GCT som driv med lokalsamfunnsutvikling i Phnom Penh. Der jobbar dei mellom anna med engelskundervisning og er med på klientbesøk. «Engelskundervisninga er veldig basic», fortel jentene. Borna som kjem for å lære er i alderen 4-12 år.
Andre arbeidsoppgåver kan vere barnehageassistent, fotballtrenar eller medarbeidar i ein av dei mange ungdomsklubbane. Engelsklærar i dei offentlege skulane Misjonsalliansen samarbeider med er også mogleg. Om nokon har spesielle kunnskapar innan f.eks. helse eller forretningsdrift, vil vi forsøke å legge til rette for det.
For at det skal bli eit godt og tett miljø både faglig og sosialt er det lagt opp til at volontørane bur i samme bygning som Misjonsalliansen har kontora sine. For dei som skal jobbe ute i provinsen kan det vere aktuelt å bu der, og så delta på jamlege fellessamlingar med dei andre volontørane.
Kambodsja er eit land i rask vekst, og dei mange byggeprosjekta i hovudstaden er eit teikn på dette. Nye kafear og butikkar dukkar stadig opp. Men den økonomiske veksten er ikkje jamnt fordelt, og forskjellen mellom fattig og rik aukar. Og alkohol- og narkotikamisbruk og vald i familien er problem som ikkje nødvendigvis forsvinn sjølv om den økonomiske situasjonen forbetrar seg. «Du får menneskemøte som sit veldig sterkt i», seier Marianne. «Eg vil anbefale veldig nokre månader som volontør!»